Kommunar, fylkeskommunar og høgskular i Møre og Romsdal og i resten av landet, har gjennom fleire år hatt avtale med NBT om transport av bøker mellom biblioteka. Dette har vore ei ordning som har utvida litteraturtilbodet i det enkelte biblioteket; dersom ein kommune ikkje sjølv hadde boka, kunne ho lånast inn frå eit anna bibliotek – fjernlån – og bli sendt via Norsk Bibliotektransport til bestillingsbiblioteket – ditt bibliotek.
Kva vil konkursen bety for deg som bibliotekbrukar?
I ei tid framover vil det no ikkje vere mogleg for deg å bestille bøker direkte frå andre bibliotek enn det lokale biblioteket ditt. Dersom du ønskjer ei bok som ditt lokale bibliotek ikkje har kjøpt inn, må du ta kontakt med biblioteket for å høyre om dei kan bestille boka for deg frå eit anna bibliotek. Sula bibliotek har per i dag ikkje høve til dette.
Mange bibliotekbrukarar har òg bestilt bøker frå Nasjonalbiblioteket (depotbiblioteket) i Mo i Rana. Også Nasjonalbiblioteket har no stengt for at lånarar kan bestille sjølve.
Dersom du har lånt bøker i ein annan kommune og ønskjer å levere dei hos oss i Sula bibliotek for retur til eigarbiblioteket, kan du framleis gjere dette.
Kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular vil i tida framover samarbeide om å få på plass ei god ordning og praksis for transport av bøker mellom biblioteka i landet, men vi veit ikkje når dette vil vere på plass.
Det vil bli informert om eventuelle endringar etter kvart som ein får betre oversikt.