Er du forberedt om noko skulle skje?
Du er ein del av Noregs beredskap. Er du budd til å klare deg i tre døgn om for eksempel ein storm skulle gjere at du vart utan straum i fleire døgn?
Tenk igjennom kva farar og ulukker som kan ramme deg heime, og førebu deg best mogleg. Dersom du blir utan vatn, straum eller telenett , eller om du blir isolert av vêret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn.
Kanskje er du allereie godt i gang?
Mykje av det du vil trenge om ein situasjon skulle oppstå, er ting dei fleste av oss har i huset frå før, men det kan vere lurt å ta ein systematisk gjennomgang og sjå om det er noko som manglar.
Eksempel på beredskapslager
- 9 liter vatn per person
- to pakker knekkebrød per person
- ei pakke havregryn per person
- tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
- nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisinar du er avhengig av
- ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridriven DAB-radio
- batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/toalettpapir
- sanitærprodukt
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
- jodtablettar ved atomhendingar om du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime (Les meir på dsa.no)
Meir informasjon
På sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om eigenberedskap
Sist endra 06.01.2023 10.05