Nødvarsel på mobil

Om du får eit nødvarsel på mobilen din, les varselet, følg rådet.

Alvorlege hendingar kan oppstå brått. Då er det viktig at du raskt får informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. No får vi Nødvarsel. Det betyr at om det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, så kan du få eit varsel med viktig informasjon på mobiltelefonen din.

Nødvarselet består av ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. For å fange merksemda di vil telefonen vibrere og spele av ein høg, sireneaktig lyd. Når du får eit nødvarsel skal du lese varselet og følgje rådet.

Ei teneste frå styresmaktene

Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter, og det er politiet eller Sivilforsvaret som kan sende ut slike varsel.

Fleire andre europeiske land har god erfaring med å bruke denne teknologien for å varsle innbyggarane sine om alvorlege farar som for eksempel flaum, terroråtak og utslepp av kjemikal. Nødvarsel på mobil kan hjelpe til å redde liv og helse også her i Noreg.    

Nødvarsel er eit tillegg til dei kanalane som allereie er i bruk for å varsle befolkninga. I Noreg har vi lenge hatt befolkningsvarsling via tyfonar som med høg lyd gjev signal om at du må oppsøkje informasjon. Under ei alvorleg hending vil viktig informasjon bli delt i mange kanalar som for eksempel på radio, tv, nettaviser, styresmaktene sine eigne nettsider og på sosiale medium.

På same måte som ein testar tyfonane kvart halvår, skal også Nødvarsel på mobil testast jamleg.

Slik fungerer Nødvarsel

Eit nødvarsel blir sendt ut via mobilnettet til alle mobiltelefonar som kan ta imot slike meldingar, i løpet av nokre få sekund. Teksten i varselet vil vere på norsk eller engelsk, avhengig av kva for språkinnstilling du har på telefonen din. Om telefonen din stør tekst til tale, kan du også få varselet lese opp.

Nødvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysningar om deg eller telefonen din. Du treng ikkje å registrere deg eller laste ned ein app for å motta nødvarsel, og det er heilt gratis. Det du må hugse på er å halde telefonen din oppdatert med nyaste programvare.

Les meir på nødvarsel.no 

Informasjonsfilmar

På norsk med undertekstar

På teiknspråk med undertekstar