Dagens situasjon

Det kommunale avløpssystemet er skildra i Hovudplan for avløp og i resipientundersøkingane som Ålesund og Sula kommunar har fått utarbeid i fellesskap i 2004, 2012 og 2019.

Oversikt over dei største kommunale utslippspunkta er vist i Tabell 1. Plassering av avløp er vist i figur 2. Her viser det at RA2, RA4 og RA6 er store utslipp, med 16500-25000 PE. ved kvar av dei.

I både Ålesund og Sula er det i tillegg fleire usanerte småutslepp til sjø.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Sula kommune har i dag to silanlegg, U1/RA1 i Langevåg og U2/RA2 på Fiskarstrand. Begge anlegga er siler av type Masko-Zoll. Dette er reine silanlegg som ikkje lenger klarer krava til primærreinsing. Det er berre ei reinselinje på kvart anlegg. Avløpsvatn går ureinsa i fjorden om det er tekniske problem på silanlegga. I tillegg til U1/RA1 og U2/RA2 er det også utslepp til fjorden frå Eikrem (U4), Kvasneset (U5/U6). Sunde (U3) og Sulebust (U11) har utslepp til fjorden via slamavskiljarar.

Sula kommune har pr. i dag omtrent 420 abonnentar med slamavskiljar som ikkje er tilkopla offentleg avløp.