Føremål og sentrale vedtak

Føremålet med planen er å leggje til rette for eit felles avlaupsreinseanlegg for kommunane Sula og Ålesund. Anlegget skal medverke til å redusere forureininga av fjordane pga. utilstrekkeleg reinsa utslepp i begge kommunane. Med nytt reinseanlegg er det planlagd biologisk reinsing for å stette sekundærreinsekravet.

Sula kommune har gjennom fleire år arbeidd med realisering av reinsing av kommunalt avlaupsvatn for å møte lovkrav. Arbeidet har gått stegvis frå rullering av kommunedelplan for avlaup i 2012, utgreiing av alternativ lokalisering av reinseanlegg på Eikrem i 2013, planlegging av overføringsleidningar i perioden 2013 – 2016, oppstart av regulering og utarbeiding av skisseprosjekt for eit reinseanlegg for Sula på Sunde i 2016 til utgreiing av felles reinseanlegg med Ålesund kommune i 2016 og 2017.

Det pågåande planarbeidet er basert på ein lang rekke politiske vedtak der kommunestyrevedtak K-026/18 og vedtak P-099/18 i Det faste utvalet for plansaker er dei mest sentrale:

K-026/18 Vedtak:

Sula kommunestyre vedtek å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles fjellanlegg på Kvasnes med sekundærrensing. Dette ut frå både miljømessige og økonomiske omsyn.

P-099/18 Vedtak:

Med grunnlag i vedtak K-026/18 om å fortsette samarbeidet med Ålesund kommune om eit felles avlaupsrenseanlegg og heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vedtek det faste utvalet for plansaker å varsle oppstart av regulering av areal til fjellbasert avlaupsrenseanlegg med tilhøyrande infrastruktur, med slik justering;

- Planområdet skal utvidast mot vest for å legge til rette for ein mogleg framtidig turstitrase mellom Kvasnes og Sunde.

Mynde til å gjennomføre varsling i samsvar med vedlagt forslag til varslingstekst og planavgrensing vert delegert til rådmannen.