Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Forprosjekt

Parallelt med regulering av areal til nytt felles avløpsreinseanlegg vert det gjennomført eit forprosjekt som skal gje grunnlag for endelig vedtak om eventuell etablering. Forprosjektet skal omfatte både tilførselsanlegg (leidningar, pumpestasjonar m.m.) og reinseanlegg med utsleppsleidning. Grunnlag for forprosjektet er skisseprosjekt utarbeidd av Norconsult AS i 2017. Forprosjektet må koordinerast godt med reguleringsarbeidet og til dømes målingar og konsekvensutgreiingar vil verte nytta i forprosjektet. Forprosjektet skal innehalde følgjande hovudelement:

Del A: Reinseanlegg

  • Plan med forslag til plassering av anlegg med tilkomst og fjellhallar
  • Forslag til to alternative renseprosessar. Anbefaling til val av løysning ut fra det en meiner er best med omsyn til reinseeffekt, driftssikkerheit, miljø og energibruk, investerings- og driftskostnader, arealbruk, HMS, forhold knytt til slam, slamhandtering og kjemikaliebruk.
  • Forslag til funksjonskrav.
  • Plan for prosessanlegg med tilhøyrande administrasjonsbygg.
  • Plan for septikmottak
  • Plan for driftskontroll og fjernstyring
  • Plan for inntakssystem
  • Plan for utslippsarrangement
  • Utgreiing av geotekniske forhold som gjev grunnlag for detaljprosjektering (vidareføring av geotekniske undersøkingar som vert gjort i tilknyting til regulering)
  • Komplett og detaljert kostnadsoverslag

Del B: Overføringsleidningar med tilhøyrande komponentar

  • Plan for ledningsanlegg med tilhøyrande komponentar
  • Plan for framdrift og byggetid
  • Et komplett og detaljert kostnadsoverslag, inkludert energiforbruk og klimaregnskap for løysningane som presenterast, samt pumpestasjoner, overløp og andre nødvendige VA-installasjonar