Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Hovudplan for avløp

I handlingsplanen under investeringstiltak står følgjande: «Gjennomføring av ny hovedstruktur for avløp med bygging av reinseanlegg og overføringssystem, tiltak for å kople private anlegg til offentleg nett, tiltak for å fjerne direkte utslepp og for å redusere overløp».

EU sitt rammedirektiv for vatn, vassforskrifta og forureiningsforskrifta gir overordna rammer for kommunen sitt ansvar for handtering av kommunalt avløpsvatn. Forureiningsforskrifta definerer kommunen sitt ansvar både som eigar av avløpssystem og reinseanlegg, og som forureiningsmyndighet. Kommunen er forureiningsmyndighet for utslepp opp til 10.000 personeiningar (pe) ved utslepp til sjø, og opp til 2.000 pe ved utslepp til ferskvatn (kap. 13). Fylkesmannen er forureiningsmyndighet for utslepp større enn 10.000 pe til sjø, og for utslepp større enn 2.000 pe til ferskvatn (kap. 14). I uttale datert 18.5.2011 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til kommunedelplan avløp, blir det peika på at reinsekrav for dagens utslipp frå det som er omfatta av «Ålesund tettstad» er sekundærreinsing med eventuelt unntak til primærrensing i samband med vilkår gitt i utsleppsløyve. Sula kommune må på grunnlag av endeleg kommunedelplan for avløp utarbeide søknad om utsleppsløyve for dei utsleppa som blir omfatta av kapittel 14 i forureiningsforskrifta.