Kulturminneundersøkingar Kvasnes haust 2019

I samband med planarbeidet for nytt reinseanlegg på Kvasneset, må Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomføre kulturminneundersøkingar innanfor områder som kan bli råka av infrastruktur tilknytt eit slikt reinseanlegg.

Dette vert gjort for å avklare om det er automatisk freda kulturminner innanfor planområdet.

Arbeidet startar med å grave manuelt med spade på gitte stader.
Viser prøvegravinga seg interessant, vert det nytta maskinell søkesjakting der ein graver sjakter med gravemaskin. Området som vert gravd i vert stelt til att når dei er ferdige.

Oppstart var 30.10.19.

Arbeidet vart avslutta første veka i desember.

Sjå vedlagd kart for område som vert undersøkt i denne omgang.