Lovverk - forurensingsforskrifta

Krav til utslepp av kommunalt avløpsvann frå større tettstader er omhandla i kapittel 14 i forurensningsforskrifta.

Avløpsregelverket tar seg av krav i EUs avløpsdirektiv (1991/271/EØF og 1998/15/EØF) om reinsing av vatn frå tettstader. EUs avløpsdirektiv har som hovudkrav at det skal være sekundærrensing på kommunalt avløpsvatn frå tettstader med ein samla maks. ukentleg belastning på over 10.000 PE i sjø.Krava til reinsing avheng av utsleppa si samla belastning, typen resipient (sjø, elvemunning, ferskvann), resipientens tilstand (følsam, normal, mindre følsam) og den samla storleiken på utsleppa frå tettstaden.

Fylkesmannen kan gi fritak frå krav om sekundærrensing for kommunalt avløpsvatn frå tettstader med samla utslepp mellom 10 000 og 150 000 PE til sjø så framt at:

  • resipienten kan klassifiserast som mindre følsam, jf. kriteria i vedlegg 1 punkt 1.1 til kapittel 11 i forurensningsforskrifta,
  • utsleppa minst har gjennomgått primærrensing og
  • den ansvarlege gjennom grundige undersøkingar kan vise at utsleppa ikkje har skadeverknader på miljøet

Resipientundersøkingane som Sula og Ålesund kommunar har fått utført i fellesskap i 2004, 2012 og 2019 dokumenterer tilstanden til fjordsystemet rundt dei to kommunane, og har vært vedlegg til søknad til fylkesmannen om fritak frå krav om sekundærrensing og utsleppsløyve. Begge kommunane har eit midlertidig fritak fra sekundærrensekravet, men må forberede seg på å innfri dette kravet på sikt.