Offentleg ettersyn

Først når alle forhold er undersøkt og vurdert vil ein kunne vurdere om det er mogleg med et reinseanlegg på Kvasnes og i tilfelle kva alternativ som ein meiner er det beste. Alle forhold (tekniske, natur, samfunn mm.) vil være skildra i dokumenta som då vert lagt ut på offentleg ettersyn, og alle vurderingar som er gjort vil då visast. Innspel som er kome inn i forbindelse med varsel om oppstart (inkl. varsel om utvida planområde) vil kome fram i saksvurderinga som følger plandokumenta til offentleg ettersyn.

Når planforslaget vert lagt ut på offentleg ettersyn vil det bli arrangert møter (og eventuelt synfaringar) for å få innspel og meiningar, og det vil bli satt en frist på minimum 6 veker for merknader knytt til planforslaget. Medfører merknader og innspel frå private og/eller offentlege instansar at det bør gjerast større endringar, vil eit revidert planforslag bli lagt ut på 2.gangs høyring.

Plankonsulent og administrasjonen hos Sula kommune lager ei oppsummering av alle innkomne merknader og svarar på merknadene i plandokumentet som kjem på offentlege ettersyn. Det vert ikkje sendt svar til kvar enkelt som sender inn merknad; vurderinga og svaret vil stå i plandokumenta, og merknadene vil i heilheit ligge ved saka ved politisk handsaming.

Planen vert handsama først i Det faste utvalet for plansaker og vert deretter vedteken i kommunestyret i Sula kommune. Kommunens vedtak av reguleringsplanen kan påklagast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i medhald av PBL § 12‐12. Avgjersleretten i klagesaker er delegert til Fylkesmannen.