Tilknyting til E39 – Veibustkrysset
Reinseanlegget på Kvasnes vil ha tilkomst frå E39 ved Veibustkrysset. Statens vegvesen har i uttale til oppstartsvarsel om regulering, datert 23. oktober 2018, vist til at «Som kjent er trafikksituasjonen i krysset utfordrande.», og varsla motsegn knytt til trafikkauke i Veibustkrysset med dagens kryssløysing. Statens vegvesen sei vidare at dei imøteser, og har gode erfaringar med, avklaringar kring dette så tidleg som mogleg i prosessen.
Sula kommune har i 2019 leia eit planleggingsarbeid for å finne fram til ei ny kryssløysing. Private bedrifter i området på Veibust er part i arbeidet og Statens vegvesen deltek i arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa tek sikte på å ha eit forslag med kostnadsoverslag klart i løpet av hausten 2019. Forslaget til løysing vil stette krav til vegutforming på E39 og løyse trafikkutfordringane. Ombygging av krysset vil truleg ta tid å finansiere og realisere. I arbeidet med reguleringsplan for nytt reinseanlegg på Kvasnes vert det lagt til grunn at Veibustkrysset ikkje må utbetrast for å kunne regulere arealet til dette. Ordinær drift av reinseanlegget vil ikkje verke inn nemneverdig på trafikksituasjonen i Veibustkrysset og på sikt vil ombygging av krysset løyse utfordringane.