Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Varsel om oppstart av planarbeid

Det faste utvalet for plansaker i Sula kommune vedtok i møte 4.9.2018, sak 099/18, å varsle oppstart av detaljregulering av avlaupsreinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Norconsult AS varsla på vegne av Sula kommune oppstart av planarbeidet september 2018. Når det meldes oppstart av planarbeidet har ein ikkje alle svar, men varslar at det startes opp eit planarbeid.

Formålet med varsel om oppstart er å gjere involverte partar og myndigheiter merksam på at innleiande planarbeid vert starta opp og få inn informasjon om området og eventuelle forslag til avbøtande tiltak. I samband med varsel om oppstart vart det heldt ein open kontordag på rådhuset 26.09.18 der mange nytta anledninga til å kome med innspel munnleg. I tillegg kom det inn mange merknader både frå private og frå myndigheiter som er med på å legge rammene for det vidare planarbeidet. Alle merknader følgjer planen ved seinare politisk handsaming.