Varsel om utvida planområde
Når det blir meldt om oppstart av planarbeidet har ein ikkje alle svar, men varslar at det startes opp eit planarbeid. Undervegs i planarbeidet kan nye opplysningar eller kunnskap kome til og det kan være naudsynt å justere det området ein jobbar innanfor. Det var tilfellet her. I juni 2019 blei det meldt om utvida planområde. Det kom inn 25 merknader i samband med varsel om utvida planområde. Dei fleste merknadane påpeika eit informasjonsbehov og Sula kommune har derfor i ettertid sendt ut eit informasjonsbrev som forsøk på svare på følgande:
- kvifor treng Sula kommune nytt reinseanlegg
- kva undersøkingar som er gjort til no
- kvifor vert planområdet utvida
- kva undersøkingar står att
- er det bestemt kvar på Kvasnes anlegget skal ligge?
- korleis den vidare prosessen blir
Utviding av planområdet er bestemt med bakgrunn i dialog mellom Norconsult som rådgivar og administrasjonen i Sula kommune. Etter varsel om oppstart er det mellom anna gjennomført geologiske undersøkingar som har gitt eit betre grunnlag for å vurdere planavgrensninga. Ut fra at det nå vurderast som et aktuelt alternativ å plassere fjellhallen noko lengre mot nord og delvis utanfor varsla planavgrensning er det konkludert med at det er riktig å varsle utviding. I tillegg er det også ønskeleg å kunne opne for å leggje overføringsleidningar i sjø heilt fram til tilkomst til fjellhall.
Vi understrekar at det ikkje er trekt konklusjon om plassering av fjellhall og at alternative plasseringar vist i skisseprosjekt/rapport frå 2017 berre er å sjå på som eit forslag. Fleire har i sine merknader spurt om anlegget no er flytta. Vi understrekar at anlegget aldri har vært plassert; vi jobbar med å undersøke kva plasseringar som er teknisk mogleg og deretter mange andre fag skal utgreiast og vurderast.
Lenke til informasjon og oversiktskart over det utvida planområdet.