Brukseiningsnummer (bustadnummer)

Alle leiligheter skal, på lik linje med einebustadar, ha si eiga adresse. Brukseiningsnummer, som tidlegare vart kalla bustadnummer, er leiligheta si unike adresse.

Brukseiningsnummer inneheld ein bokstav og fire tall. Bokstaven angjev om du bur i ei Hovudetasje, Underetasje, Loftsetasje eller Kjelleretasje. Dei to første talla angjev kva for etasje inngangen til leiligheta di ligg i. Dei to siste talla angjev leiligheta sitt nummer i etasjen, rekna frå venstre mot høyre.

Kvar kan eg finne brukseiningsnummeret mitt

Informasjon om brukseiningsnummer kan hentast ut får kommunen sitt kart.
Søk opp aktuell eigedom i kartet. Velg "Eiendommer" under fanen "Kartlag". Klikk inne på den aktuelle eigedomen i kartet og velg "Vis mer informasjon" i vinduet som kjem opp. Brukseiningsnummeret står under "Adresser" i "Eiendomsinformasjonsvinduet".

Alternativt så tar du kontakt med innbyggartorget i kommuna for å få opplyst riktig brukseiningsnummer.

Meir informasjon

Sjå Kartverket si nettside for meir informasjon.

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67