Samanslåing av eigedomar

Eigedomar som ligg i same kommune og har same heimelshavar (eigar), kan slåast saman til ein eigedom. Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel til vedkommande eigedomar.

Krav til samanslåing

Eigedomar som skal slåast saman, skal utgjøre eit samanhengande areal. Det vil seie at eigedomane må grense til kvarandre.

Samanslåing av eigedomar kan ikkje gjennomførast dersom dette førar til prioritetskollisjon mellom panthavarane. Det vil seie at pengeheftingar må vere lik på eigedomane, eller at ein av eigedomane er fri for pengeheftingar. Kommuna sjekkar grunnboka for eigedomane før samanslåing vert sendt til tinglysing hos Kartverket.

Korleis søke om samanslåing

  • Fyll ut skjemaet Krav om samanslåing (PDF, 997 kB)
  • Send skjemaet til:
    Sula kommune
    v/Geodataavdelinga
    Pb. 280
    6039 Langevåg
  • Skjemaet kan også sendast på e-post til post@sula.kommune.no

Pris

Samanslåing av eigedomar er ei gratis tjeneste

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67