Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Kven kan få tilbodet? 

Her kan du sjå om du kan få bustøtte

Korleis søke?

Slik søker du bustøtte

Vedlegg til søknaden:

  • Husleigekontrakt, om du leiger privat bustad. Leiger du kommunal bustad eller omsorgsbustad treng du ikkje legge ved husleigekontrakt
  • Nedbetalingsplan på bustadlån, om du eig bustaden du bur i.
  • Dokumentasjon på fellesutgifter, om du bur i burettslag, sameige, aksjeleilegheit eller obligasjonsleilegheit

Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk.

Om du treng hjelp til å fylle ut søknaden kan du ta kontakt med innbyggartorget på rådhuset. Om du fyller ut papirsøknad skal den sendast til Sula kommune.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer rundt den 20. i påfølgjande månad.

Kva skjer vidare

Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad.

Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Får du avslag 3 månader på rad må du søke på nytt.

Om du flyttar må du søke på nytt.

Hugs å melde frå om  endringar

Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for berekning av bustøtta. Det kan for eksempel vere om nokon flyttar inn eller ut av husstanden eller om husstanden si formue endrar seg.

Klage

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du mottok vedtaket.

Slik klagar du på eit bustøttevedtak

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbanken sine nettsider. Du kan og ta kontakt med innbyggartorget i Sula kommune for å få hjelp og rettleiing.

Lover og reglar

Lov om bustøtte
Forskrift om bustøtte

Kontakt

Anne Lise Salen
fagleiar
E-post
Telefon 48 13 99 09
Kathrin Reidun Vågnes
rådgivar kommunikasjon
E-post
Telefon 48 12 30 75

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.