Husordensreglar som gjeld for kommunale utleigebustadar i Sula kommune Lytt til tekstenStopp avspillingAlle som bur i kommunal bustad pliktar å bidra til eit triveleg og godt bumiljø. Som leigetakar er du også ansvarleg for dei som er på besøk hos deg.Generell ro og tryggleikDet skal være ro og orden i og utanfor bustaden mellom klokken 23:00 og 07:00, men du har ansvar for å ta omsyn til naboane dine heile døgnet. Utgangsdør og dør til utvendig bod skal alltid være låst. BustadenSom leigetakar er du forplikta til å rengjere og vedlikehalde bustaden. Du er også pliktig til å melde frå med ein gong om det oppstår skade på bustaden, eller du finn skadedyr i bustaden. Det skal kun kastast toalettpapir i toalettet. Det er ditt ansvar å halde avløp opne og stake opp toalettet om det er tett.For å hindre fukt og soppskadar, må du alltid halde lufteventilane opne og lufte i leiligheita med jamne mellomrom. Det gjeld heile året. Når du lagar mat, må kjøkkenvifta alltid stå på.Det er ikkje lov å røyke, eller bruke stearinlys innandørs i bustaden.Det er ikkje lov å sette opp utvendige antenner.Det er ikkje lov å riste matter eller tepper fra balkongar eller vindauge.Det er ikkje lov å mate fuglar frå eigen bustad.Du må sjølv sørge for å bytte batteri i brannvarslarar og snu på brannslukkingsapparatet minst 1 gang per år.FellesområdePrivate eigendelar skal oppbevarast i eigen leiligheit, eller i tildelt bod. Eigendelar som blir plassert i fellesareal kan bli fjerna av Sula kommune utan varsel.Det er ikkje lov å oppbevare uregistrerte køyretøy på kommunen sin eigedom.Du er pliktig til å følge Sula kommune sine gjeldande reglar for kjeldesortering av hushaldningsavfall. Avfall skal aldri plasserast utanfor søppeldunkane. Større eigendelar må du sjølv sørge for å få frakta til Bingsa Miljøstasjon , kort til Bingsa får du lånt i innbyggartorget på rådhuset. Meir informasjon om renovasjonsordninga i Sula kommune finn du her.Dyrehald Husdyr er ikkje tillatt.Brot på husordensreglaneHusordensreglane er ein del av husleigekontrakten. Brot på reglane blir sett på som misleghald av leigeavtalen og kan medføre erstatningsplikt, oppseiing eller heving av husleigekontrakten.Klage på bumiljøOm naboen din bryt husordensreglane eller er til sjenanse, kan du sende ei skrifteleg klage til Sula kommune. Bruk skjemaet ”Klage på bumiljø” , sikker post til kommunen, eller send eit brev til Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg. Sist endra 01.10.2024 10.55