Startlån kan gi deg moglegheit til å få ein nøktern og rimeleg bustad.
Sula kommune har avgrensa midlar til desse ordningane, og gir lån i samsvar med retningslinjene så lenge midlane strekk til.
Vi legg vekt på at:
- du har langvarige problem med å finansiere eigen bustad
- du har nytta moglegheita til sparing ut i frå din økonomiske situasjon
Startlån er behovsprøvd.
Sjekk om du er i målgruppa for startlån.
Kva kan du få startlån til?
Les meir på Husbanken si heimeside
Kor mykje kan du låne?
Inntekter og utgifter avgjer kor mykje du kan låne. Prisnivået på ein nøktern og eigna bustad i kommunen er også avgjerande.
Slik søker du
Søknadsskjema
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i innbyggartorget på rådhuset.
Kva skjer vidare?
Søknadar blir behandla i sakbehandlingssystemet til Husbanken, Startskudd. Alle søknader blir gjennomgått av minst ein saksbehandlar og minst ein fullmaktshavar, i særskilte høve kan søknadane bli behandla av Kredittutvalet i Sula kommune.
Saksbehandlingstida er avhengig av kor fort vi får inn all nødvendig dokumentasjon til søknaden. Søknadar vert ikkje rekna som levert, og vil ikkje bli behandla, før all nødvendig dokumentasjon er mottatt.
Normal behandlingstid er 2 - 3 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er lest. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven.
For deg som allereie har startlån
Det er Intrum som forvaltar startlån for Sula kommune. Etter at lånedokumenta mellom deg og Sula kommune er signert blir dei sendt til Intrum og dei tar over oppfølginga av lånet. Intrum har ei sjølvbeteningsløysing, MinSide, der du finn det meste av informasjon om lånet ditt.
Lover og reglar