Har du havna i ein økonomisk vanskeleg situasjon og slit med å skaffe deg bustad eller behalde den du har? Då kan du søke om tilskot frå kommunen du bur i.
Sula kommune har avgrensa midlar til desse ordningane, og gir tilskot i samsvar med retningslinjene så lenge midlane strekk til.
Tilskota er mest aktuelle der startlån åleine ikkje strekk til. Du kan med andre ord søke om ein kombinasjon av startlån og tilskot.
Tilskot er behovsprøvd.
Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om dei skal gi tilskot og kor stor tilskotsutmålinga skal vere. Tilskotet kan bli gitt aleine, eller i samfinansiering med startlån, eventuelt lån frå Husbanken til oppgradering (lån til bustadkvalitet). Når kommunen innvilgar startlån kan behovet for tilskot i kvar enkelt sak reduserast ved å nytte seg av potensialet for lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom for startlånet.
Kven kan får tilskot?
Tilskot kan bli gitt til personar med nedsett funksjonsevne og til eldre som ønskjer å tilpasse bustaden sin, slik at dei fortsatt kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne.
Både personar som eig eigen bustad og personar som leiger bustad kan få tilskot. Dersom kommunen innvilgar tilskot til personar i leigd bustad, må utleigar godkjenne tiltaka som gjeld tilpassinga.
Startlån kan òg bli gitt til finansiering av tilpassing av bustad.
Retningslinjer for tilskot til tilpassing
Det er opp til den enkelte kommune å vurdere om tilskot skal ytast og kor stor utmålinga skal vere. Det kan bli gitt tilskot aleine, eller i samfinansiering med startlån. For å redusere tilskotsbehovet i kvar enkelt sak kan lang nedbetalingstid og eventuell avdragsfridom for startlånet òg nyttast.
Tilskot til etablering kan gjevast til:
- Personar med låg inntekt, som ikkje klarer å betjene et tilstrekkeleg stort startlån.
- Personar som står i fare for å miste bustaden gjennom tvangssal og der tilskot til refinansiering bidrar til at dei kan behalde bustaden.
- Personar som har behov for tilpassing av bustaden på grunn av nedsett funksjonsevne. Personar med langvarige økonomiske problem skal prioriterast.
Eksempel på aktuelle tilskotsmottakarar:
- Barnefamiliar med behov for å stabilisere busituasjonen.
- Flyktningar.
- Personar med nedsett funksjonsevne, rusproblem og/eller psykiske problem.
- Personar med varig låg inntekt i form av trygdeytingar.
Retningslinjer for tilskot til etablering
Tilskot til utgreiing og prosjektering er frå 2020 ei ny oppgåve for kommunane.
Tilskot til utgreiing og prosjektering bidrar til å:
- finne gode og varige løysingar tilpassa den enkelte sine behov ved nedsett funksjonsevne
- finne gode løysingar til nøkterne kostnader
- auke tilgjengelegheita i bustadmassen
Tilskot kan givast til husstandar der enkeltpersonar har behov for tilpassa bustad. Tilskotet kan òg givast til eldre som treng å tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime ved eit framtidig behov for tilpassa bustad.
Retningslinjer for tilskot til utgreiing og prosjektering
Slik søker du?
Søknadsskjema
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden i Servicetorget på rådhuset i Sula kommune.
Kva skjer vidare?
Søknadar blir behandla i sakbehandlingssystemet til Husbanken, Startskudd. Alle søknader blir gjennomgått av minst ein saksbehandlar og minst ein fullmaktshavar, i særskilte høve kan søknadane bli behandla av Kredittutvalet i Sula kommune.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.
Lover og reglar