Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Lading av elbil

Sula kommune har etablert 4 ladepunkt for elbil på parkeringsplassen aust for rådhuset.

Ladestasjonane er av typen Zaptec utan fastmontert ladekabel. Laderane har "universalkontakt" - det vil sei at dei kan brukast av alle elbilar med passande mode 3, type 2  ladekabel. Våre 230V anlegg kan levere opp til  7,2 kW.

Plassane er skilta slik at dei er reservert for "ladbar motorvogn". Det er ladeplikt for å stå på disse plassene, det vil i praksis sei at bilen må være tilkopla ladar for å kunne stå der. Maksimal pakeringstid er 12 timar.

Elbil-lading

Korleis lade bilen

For å lade må du først laste ned mobil-appen "EasyPark" fra Google Play eller App Store. Det finst bruksanvisning for korleis du startar lading på alle ladestasjonane.

Du må følge denne rekkefølgen for å få starta lading:

  1.  Start lading i EasyPark appen med riktig takstgruppe (takstgruppe står på ladar)
  2. Koble til bilen
  3. Stopp ved å avslutte i appen
Kva betyr lysa på ladaren

 

Klikk for stort bilete

  1. Grønt lys - Klar eller ferdig lada
  2. Gult lys - Autentiserer / ventar på lading
  3. Blått pulserende lys - ladar
  4. Rødt lys - feil
Kva kostar det å lade

Prisen er NOK 2,50 pr. kWh

Kontakt

Per Ola Ravnå
Avdelingsingeniør
E-post
Telefon 70 19 91 72
Mobil 414 00 942