Brøyting og strøing

Sula Kommune har avtalar med private entreprenørar vedrørande brøyting og strøing av kommunale vegar, fortau og plassar.

Meld frå om manglande brøyting og strøing på kommunal veg

Kravspesifikasjon og reglar for brøyting

Det er utarbeidd kravsspesifikasjon og reglar for brøyting i Sula kommune. (PDF, 256 kB)

Strøing

Det blir ikkje strødd når det snør sjølv om vegane kan vere glatte, det er fordi strøing har liten effekt ved snøfall.  Ved glatte vegar grunna veromslag blir det strødd, men det kan ta tid før alle vegar og fortau er strødd.  Strøing ved skular, barnehagar og gangvegar blir prioritert først, elles blir det strødd i bakkar, svingar, inn mot kryss og i fotgjengarfelt.

Det er plassert ut kasser med strøsand rundt om i kommunen. Inni kvar kasse finn du informasjon om kven du skal kontakte om kassa treng påfyll av sand.

Er vegen det gjeld kommunal?

Kommunen har ansvar for kommunale vegar med tilhøyrande gang- og sykkelvegar. Fylkesvegane 657, 61 og E 39, med tilliggande gang- og sykkelvegar er Statens Vegvesen sitt ansvar. For informasjon, melding, og/eller klage på brøyting/strøing ring tlf. 175. Private vegar skal driftast og vedlikehaldast av dei som brukar vegen, i henhald til veglova § 54. Brøytekantar mot private vegar og innkøyringar må vedlikehaldast av den enkelte eigar eller velforening.  

I brøytekartet kan du finne ut kven som har ansvar for vegen det gjeld 

  • Grøne vegar er private
  • Oransje vegar er kommunale
  • Gule vegar er fylkeskommunale 

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss