Kva blir rekna som kommunal veggrunn?
Kommunal veggrunn er all veggrunn etter veglova § 1, som er open for alminneleg ferdsel og blir vedlikehalde av Sula kommune.
Kommunal veggrunn er i denne samanheng også inkludert privat grunn som blir disponert av kommunen til veg- og trafikkføremål. Som veg reknar ein også fortau, snuplass, opplagsplassar, haldeplassar, parkeringsplassar, bruer, grøntanlegg, veggrøfter og anna som står i samband med veg.
Før du søker
Sjekk kva krav som gjeld for området du skal grave i før du startar arbeidet, følg gjeldande instruksar.
Om du skal grave i privat område som ikkje er nærare den kommunale vegen enn 3 meter
Sjølv om du berre skal grave i din eigen hage er det lurt å søke om gravemelding. Det kan gi alvorlege konsekvensar for liv og helse å grave over enkelte leidningar, og andre skader på ledningsnettet kan føre til erstatningskrav.
Slik får du oversikt over kva leidningar som kan ligge inne på området det skal gravast
- Sula kommune med vatn, avløp og kommunal fiber er tilslutta den kommunale ordninga.
- Telenor, Mørenett og enkelte fiberselskap er tilslutta Geomatikk si løysing.
- Søknad må sendast begge stadar for fullgod informasjon om ledningar i bakken.
Om du skal grave i, eller i nærleiken av, kommunal veg
Reglar og retningsliner for graving i offentleg veggrunn finn du under.
I tillegg til eit løyve om å få grave eller legge ned noko i vegen, må ein alltid ha ein godkjent plan for varsling og sikring av det arbeidet som skal gjennomførast.
Om du skal grave i, eller i nærleiken av, fylkes- eller riksveg
Statens vegvesen handterer søknader om graving og nærføring til riksvegane.
Fylkeskommunen handterer søknader om graving og nærføring for fylkesvegane.
Søknader om arbeidsvarsling er det fortsatt Statens vegvesen som handterer for fylkesvegane, men eit løyve frå fylkeskommunen på graving eller nærføring må leggast ved søknaden om arbeidsvarsling.
Om du skal grave i friområde eller vegskråning
Grev du i eit område der eksisterande vegetasjon skal tilbakeførast, må jorda handterast slik at vegetasjonen veks tilbake fortast mogleg.
Unngå spreiing av planteartar
Når det blir grave og jordmasser blir flytta, må ein passe på at ein ikkje spreier uønska, framande planteartar.
Jordmassar og plantemassar infisert med framande artar skal handterast på ein forsvarleg måte i samsvar med § 28 Aktsemdsplikta i Naturmangfaldlova og Forskrift om framande organismer.
Når eit arbeid blir planlagt skal området undersøkast for uønska framande planteartar.
Bingsa er eit godkjent mottak for både plantedelar og jordmasser infisert av uønska planteartar. Andre deponiplassar kan også vere godkjent om det følger premissa for forsvarleg handtering av dei aktuelle plantane.
Om du skal arbeide i nærleiken av tre
Vi har som mål å sikre Sula kommune sine tre.
Når det skal gravast eller arbeidast nær tre skal det bli tatt omsyn til røter, stamme og trekrone. Vi vil unngå å svekke livslengda på trea, skape risikotre eller gjere dei sårbare for sjukdom og skadedyr.
Alt gravearbeid skal skje utanfor trekronene si ytre avgrensning (dryppsona), og minst 5 meter frå stammen. Avhengig av topografi og opne plenareal med tre kan kravet om avstand vere større. Graving innanfor ei 20 meters omsynssone skal utførast i samråd med forvaltningseininga. Gravearbeid under trekrona skal utførast med luftspade, eller andre metoder etter avtale.
Om det er grunn til å tru at grunnen er forureina
Tiltakshaver pliktar å vurdere og eventuelt undersøke om det er forureina grunn i området.
Pris
Behandling av gravemeldingar er gratis i Sula kommune
Saksbehandling
Behandlingstid er gitt av forvaltningslova, men enkle søknader kan bli behandla så raskt som i løpet av 3 dagar.