Familie- og ungdomsstøtte er eit lavterskeltilbod for gravide, barn, ungdom og familiar. Målet vårt er å hjelpe dykk å meistre kvardagen – anten det handlar om små eller store utfordringar. Vi arbeider tverrfagleg og tilbyr både individuell oppfølging og gruppetilbod. Vi har eit heilskapleg perspektiv og ser alltid barnet eller ungdommen i samanheng med familien og omgjevnadene.
Familie- og ungdomsstøtte inkluderer også psykisk helseteneste for barn og unge.
Vi brukar BTI-modellen (betre tverrfagleg innsats) som verktøy for å samarbeide godt. Det betyr at vi jobbar strukturert, snakkar saman på tvers av fag, i tett dialog med familiane.
Kva kan du få hjelp til?
Teamet kan tilby lågterskel foreldrerettleiing, først og fremst i grupper, men vi kan òg gi individuell rettleiing når det trengst. Døme på gruppetilbod er COS‑P, PMTO og TINT. Du kan lese meir om desse tilboda her.
Teamet skal tilby lavterskel psykisk helseteneste til barn og unge som strevar med psykiske plager, begynnande rusproblem eller reaksjonar på belastande livshendingar. Tenesta vert gitt på ein måte som i størst mogleg grad er i samsvar med med brukaren sine ønsker og behov. Sjå meir informasjon i rettleiaren her.
Vi gir òg individuelle støttesamtalar og foreldrerettleiing til dei som treng meir oppfølging enn det ein vanlegvis får gjennom helsestasjon eller skulehelsetenesta.
Vi samarbeider med barnet eller ungdommen sitt nettverk, og ser familien, barnehagen eller skulen som viktige samarbeidspartnarar.
Ved behov samarbeider vi også tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta, slik at du får eit heilskapleg og samordna tilbod.
Aktuelle tema for tenesta kan vere; skulevegring, alvorleg åtferdsvanskar, angst, nedstemtheit, livsutfordringar, sorg, behov for støtte og verktøy i foreldrerolla.
Kven kan få hjelp?
Familiar i Sula kommune med gravide, barn og ungdom som har behov for samtalar, råd og rettleiing utover det ein vanlegvis får i førstelinjetenestene - som helsestasjon, skulehelseteneste eller barnehage/skule.
Kven er i teamet?
Teamet består av tilsette med ulike fagkompetanse slik at vi kan gi god hjelp både til barn, ungdom og familiar. I teamet finn du spesialvernepleier, skuleLOS, PMTO-terapeut, COS-p rettleiar og helsesjukepleiar. Sistnemnte har ekstra fokus på dei aller minste.
Teamet får rettleiing av med kommunepsykologen, som bidreg til fagleg støtte og kvalitetssikring av arbeidet vårt.
Korleis kan du kome i kontakt med oss?
Når du har vore i kontakt med helsesjukepleiar, jordmor eller andre og jobba med utfordringa, utan å kome i mål, kan ein fylle ut kontaktskjema for å kome i kontakt med teamet.
Teamet har møte ein gong i veka der vi går gjennom og vurderer innkomne kontaktskjema. Etter møtet får familien ei tilbakemelding. Vi har som mål å kunne gje tilbakemelding til alle innan 14 dagar etter kontaktskjema er vurdert.
Trykk her for kontaktskjema for familie og ungdomstøtte
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Lover og reglar
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven)
Barn og unges helseteneste - Helse Møre og Romsdal