Vil du hjelpe tenåringen din med å handtere kvardagens mange følelsar?
Tuning in to Teens™ (TINT) er eit foreldrerettleiingskurs som fokusera på å styrke det emosjonelle bandet mellom foreldre og tenåringar, i tillegg til å auke både emosjonell forståing og emosjonell kompetanse.
Gjennom Tuning in to Teens™ vil du utvikle ferdigheiter innan noko som blir kalla emosjonsrettleiing. Det handlar om å anerkjenne, forstå og handtere både eigne og tenåringen sine følelsar. Ein tenåring som blir møtt med slik emosjonell forståing, vil også sjølv tileigne seg nye emosjonelle ferdigheiter og kompetansar, og vere betre rusta til å handtere livets opp- og nedturar.
Tuning in to Teens™* har som mål å auke emosjonell kompetanse – det vil seie evna til å:
- Identifisere og forstå eigne kjensler
- Bruke kjensler for å navigere i sosiale samspel
- Bruke emosjonell medvit for å ta val og løyse problem
- Handtere frustrasjon og kunne vente på det ein ønskjer seg
- Hindre at stress og uro tek over og hindrar klar tenking
- Ha kontroll over korleis og når du uttrykkjer kjensler
Emosjonell kompetanse er viktig både for deg og tenåringen din. Det gir dykk betre kontroll over eigne handlingar, bidreg til å redusere stress, og gjer dykk i stand til å roe dykk sjølve og halde konsentrasjonen i utfordrande situasjonar. I tillegg vil auka emosjonell kompetanse hjelpe tenåringen din med å byggje gode og varige vennskap og nære relasjonar.
Tuning in to Teens™ er eit forskingsbasert program. Mange studiar har vist gode resultat. Funn viser at foreldre som deltek på TINT utviklar betre evne til emosjonsrettleiing, og at tenåringane får betre emosjonell forståing. Det er òg ofte rapportert om reduksjon i både innadretta og utadretta utfordringar.
Kven kan delta?
Kursa er spesielt godt eigna til foreldre med barn i aldersgruppa 10-18 år.
Planlagt kurs:
- Oppstart tirsdag 2.september kl. 17.00- 19.00 og går over seks veker (Ikkje i haustferien).
- Dersom det ikkje er satt opp nytt kurs kan du trykke på lenkja under, for å vise interesse.
Korleis melde seg på?
Lenkje til påmelding kjem innan veke 25.
Meir informasjon:
Ta kontakt med tiltakskoordinator på tlf. 90479129 dersom du har spm.