KvardagsrehabiliteringLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi?Kvardagsrehabilitering er eit lavterskeltilbod til heimebuande. Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall, og som strevar med å meistre aktivitetar som er viktige for deg i kvardagen. Bustad og nærområde er treningsarena. Saman med fagpersonar set du deg mål, og vil få rettleiing og oppfølging i aktivitetar som gir framgang.Tiltaket vil gjelde i ein klart avgrensa periode.Kven kan få tilbodet?Tilbodet gjeld deg som har behov for opptrening etter eit funksjonsfall. Du må vere motivert og gjere ein innsats for å nå måla du set deg.Korleis få tilbodet?Trykk her for å kome til søknadsskjema for omsorgstenester.Ein kan elles ta direkte kontakt med tiltakskontoret, fastlege eller heimetenesta.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Kva skjer vidare?Fysioterapeut eller ergoterapeut tar kontakt for å avtale heimebesøk, der ein vurderer om du er aktuell for tenesta.