Syn- og hørselskontakt for vaksne og eldreLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi? Oppdage, utgreie og kartlegge praktiske problem med bakgrunn i syn- og/eller hørselsproblematikk. Informere om rettigheiter iht gjeldande regelverk. Skrive søknader og begrunne behov for hjelpemiddel. Følge opp brukaren med tanke på endra behov. Vere kontaktperson mellom brukaren og resten hjelpeapparatet. Kven kan få tilbodet? Tenesta er retta mot vaksne og eldre som bur heime eller på institusjon. For å få teneste må du ha henvising. Henvisinga kan komme frå heimetenesten, NAV, hjelpemiddelsentral eller lege. Ved behov for synshjelpemiddel må du legge fram erklæring fra lege/optiker som ikkje er eldre enn 3 år. Korleis få tilbodet? Du må søke om å få tenesta. Bruk eit av søknadskjema under. Papirskjema Elektronisk skjema Du må logge deg på via ID-porten. Hjelp til å logge på. Kva kostar det? Tenesta er gratis Kva skjer vidare? Syn- eller hørselskontakt tar kontakt med deg eller institusjon du bur på og det blir sett i gang tiltak.