Velferdsteknologi

Teknologi for meistring og tryggleik

Det finst mange teknologiske løysingar som den enkelte kan nyttiggjere seg for å auke eigenmeistring, tryggleik og samfunnsdeltaking. Teknologien kan bidra til å oppretthalde livskvalitet, blant anna gjennom å legge til rette for at ein kan bu heime lengre.

Fleire løysingar er alt tekne i bruk via internett og smarttelefon. Ein del teknologi kan brukarane kjøpe sjølv i vanleg handel. Innan helse – og omsorgstenesta jobbar ein no for å halde tritt med denne samfunnsutviklinga, og sikre at vi tek i bruk nye løysingar på ein trygg og sikker måte der ein har behov for å  varsle vidare til pårørande eller helsepersonell. Teknologien er under utprøving.

Velferdsteknologi er mellom anna

  • Robotstøvsugar, støvsuger til avtalt tid.
  • Robotgrasklippar, klipper graset til avtalt tid.
  • Lysstyring, lyset slår seg for eksempel på når du står opp på natta.
  • Komfyrvakt, varslar og slår av komfyren om det blir for varmt
  • Videokommunikasjons; Skypesamtale med både lyd og bilde via telefon, internett.
  • Dørklokke med kamera for å sjå kven som ringer på.
  • Doro mobiltelefon, med alarmknapp for å varsle pårørande om kvar ein er.
  • Skritteller eller andre aktivitetsmålarar
  • Elektronisk medisindispensar, minner deg på når det er tid for medisin og gir deg rett medisin.
  • Elektronisk kalender, gir oversikt over kvardagen.
  • Tryggleiksalarm;  du kan sjølv varsle pårørande eller tenestane og varsel kan gå automatisk for eksempel ved fall.
  • Mobil tryggleiksalarm, som du kan bruke ute og som varslar dine pårørande om kvar du er ved hjelp av GPS.

 

Kontakt

Tiltakskontoret
E-post
Telefon 47 66 23 50