ButilbodLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi? Praktisk hjelp, personleg hjelp og målretta miljøarbeid i heimen. Kven kan få tilbodet? Personar med psykisk og fysisk funksjonsnedsetting. Korleis få tilbodet? Fyll ut skjema i lenken under. Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post. Søknadsskjema for omsorgsbustad - elektronisk Søknadskjema for omsorgsbustad- pdf Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema, eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg. Kva kostar det? Personleg hjelp er gratis. Sjå satsane under for pris på praktisk hjelp i heimen Pris for heimehjelp - praktisk hjelp i heimen Inntekt Pris Inntil 2G 215,00 2-3G 990,00 3-4G 1 585,00 4-5G 2 222,00 Over 5G 2 852,00 G=grunnbeløp i folketrygden Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein timesats på kr 516,00. Minimum reknast 1/2 time. Det skal ikkje krevjast eigenbetaling ut over sjølvkost, for tida rekna til kr 516,00 pr time. Bruk av vaktmeistertenesta til montering/tilpassing av hjelpemiddel i private heimar er omfatta av same timesats. Husleige Du finn ei oversikt over prisane her. Du kan søke bustønad. Kva skjer vidare? Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar. Klage Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til følge gjennom eit nytt vedtak. Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2 Lover og reglar Helse- og omsorgstjenesteloven Pasient- og brukarrettighetsloven
Kva skjer vidare? Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar. Klage Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til følge gjennom eit nytt vedtak. Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2 Lover og reglar Helse- og omsorgstjenesteloven Pasient- og brukarrettighetsloven