Koordinerande eining og tiltakskontor

Koordinerande eining

Koordinerande eining er ein funksjon som ligger under tiltakskontoret i Sula.

Koordinerande eining har overordna ansvar for at du som har behov for langvarige og koordinerte tenester opplev heilskap og samanheng i tenestene. Koordinerande eining har overordna ansvar for individuell plan og koordinatorar i kommunen. Det inneber å sørge for gode rutiner og sikre at tilsette får opplæring i individuell plan og koordinatorrolla.

Kva tilbyr vi?

  • Informasjon med oversikt over tilbod innanfor habilitering og rehabilitering
  • Behandler søknadar på Individuell plan, koordinator og barnekoordinator.
  • Informasjon ved behov for habilitering/rehabilitering

Koordinerande eining vil legge til rette for at du som innbyggar får medvirke når vi planlegg, utformer, gjennomfører og evaluerer tenestene dine. 

Vi skal ógså legge til rette for at representantar for dei som bruker tenestene vert høyrde når vi planlegg, utfører og evaluerer habiliterings- og rehabiliteringstenester.

Kven kan få tilbodet?

Brukarar som har to eller fleire helse- og omsorgstenester med behov for koordinering.

Oversikt over tilbod

Koordinerande eining skal ha oversikt over kva habiliterings- og rehabiliteringstilbod som fins både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. 

 Koordinerande eining skal ta imot meldingar om behov for sosial, psykososial og medisinsk habilitering og rehabilitering.

Tiltakskontoret

Tiltakskontoret tek imot og behandler søknadar om kommunale helse- og omsorgstenester, og vurderer behov for koordinerte tenester/individuell plan. 

Kva tilbyr vi?

  • Informasjon og rettleiing ved behov for helse- og omsorgstenester.
  • Hjelp til å søkje tenester.
  • Saksbehandling ved søknader på ulike tenester, det kan innebere kartlegging med heimebesøk.

Tiltakskontoret er representert av sjukepleiarar, sosionom og vernepleiarar, vi samarbeider med alle tenesteytande einingar innanfor helse- og omsorgstenesta i Sula, og  2. linje tenesta.

Korleis søke?

Fyll ut søknadsskjema for individuell plan,  koordinator og barnekoordinator.

Når du har fylt ut skjemaet skal du skrive det ut, signere og sende det til Sula kommune, Koordinerande eining, Postboks 280, 6039 Langevåg.

Kontakt

Heidi Vegsundvåg
E-post
Telefon 91 36 78 43
Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52
Jacqueline Verena Lindløkken
Assisterande avdelingsleiar/Barnekoordinator
E-post
Telefon 47 65 00 24
  • Barnekoordinator fast mandag, onsdag og fredager partalsveker
  • Assisterande avdelingsleiar på Jetmundgarden fast tirsdager, torsdager og fredager oddetallveker.
Therese Ulla Pleym
Tiltakskonsulent
E-post
Telefon 47 66 23 50