Heimehjelp - praktisk hjelp i heimen

Kva tilbyr vi?

Praktisk hjelp i heimen slik den enkelte kan bu heime lengst mogleg.

Kven kan få tilbodet?

Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Kva kostar det?

Det vert kravd eigenandel for praktisk hjelp i heimen. Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av kommunestyret.

Pris for heimehjelp - praktisk hjelp i heimen

Pris for heimehjelp - praktisk hjelp i heimen
Inntekt Pris
Inntil 2G 215,00
2-3G 990,00
3-4G 1 585,00
4-5G 2 222,00
Over 5G 2 852,00
G=grunnbeløp i folketrygden
Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein timesats på kr 516,00. Minimum reknast 1/2 time. Det skal ikkje krevjast eigenbetaling ut over sjølvkost, for tida rekna til kr 516,00 pr time. Bruk av vaktmeistertenesta til montering/tilpassing av hjelpemiddel i private heimar er omfatta av same timesats.

Vask av privat tøy for bebuarar i bukollektiv

Dei som bur i bukollektiv, får tilbod om vask av privat tøy etter satsar fastsett av vaskeritenesteleverandøren.  Naudsynt merking av tøy dekkjast av bebuaren.  Vaskeriutgifter som overstig kr 1.576,- pr mnd, vil for den enkelte bli dekt over bukollektivet sitt budsjett.  Utgiftene er omfatta av sikringsregelen.

Kva skjer vidare?

Søknader vert behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du motta svar frå kommunen med  endeleg vedtak eller orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagas etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52
Torunn Veddeng
Einingsleiar, heimetenesta
E-post
Telefon 95 71 02 62