Kva tilbyr vi?
Heimetenesta har tiltak retta inn mot dei som treng hjelp for å bu i eigen heim.
Kven kan få tilbodet?
Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.
Korleis få tilbodet?
Fyll ut skjema i lenken under. Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kva skjer vidare?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.
Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2
Lover og reglar
Pasient- og brukarrettighetsloven