Middagslevering

Kva tilbyr vi?

Varm middag levert på døra, med hovudrett og suppe/dessert. Råvarene er av ypperste klasse og maten blir frakta i isolerande emballasje, noko som gjer at den framleis er rykande varm når du får den levert på kjøkkenbordet. Restane kan oppbevarast i kjøleskap - så har du eit "herremåltid" neste dag også.

Menyen varierer frå veke til veke, og er den same menyen som på Sulatunet.

Om du av medisinske grunnar må ha diabeteskost, eller kost med redusert fettinnhald, så kan vi også tilby det.

Vi leverer berre heile prosjonar.

Kven kan få tilbodet?

Denne tenesta er behovsprøvd. Om du ønsker middag levert i heimen må du søke om dette gjennom heimetenesta. Formålet med tenesta er å gi eldre og funksjonshemma høve til å bli buande i sin eigen heim.

Utkøyring

Det er utkjøyring av middag alle dagar unnateke laurdag. Du kan sjølv bestemme både kor mange dagar i veka du vil ha middag på døra, og kva dagar du ønsker maten levert. Dersom vi kjem til låst dør blir maten sett att utanfor døra. Om du ikkje er heime når vi kjem bør du sette fram ei kasse med lokk eller liknande, slik at vi kan plassere maten godt verna mot fuglar og liknande.

Middagen blir levert

  • 12:00 - 13:15 i ytre del (frå Sandvika til Veddesvingen)
  • 13:15 - 14:30 i indre del ( frå Veddesvingen til Vegsundet)

Avbestilling

Om du ønsker å avbestille eit eller fleir måltid må du gi beskjed  til kjøkkenet på Sulatunet telefon 70 19 82 06,  seinast før klokka 11:00 same dag som avtalt levering. Om du ikkje avbestiller innan fristen vil du bli fakturert for måltidet.

Kven kan få tilbodet?

Denne tenesta er behovsprøvd. Om du ønsker middag levert i heimen må du søke om dette gjennom heimetenesta. Formålet med tenesta er å gi eldre og funksjonshemma høve til å bli buande i sin eigen heim.

Korleis få tilbodet?

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal skrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på , kan du ta kontakt med tiltakskontoret som har base ved Sulatunet. Servicekontoret ved Rådhuset kan også hjelpe deg.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknadar blir behandla fortløpande.

Pris