Tryggleiksalarm

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm som er kopla opp mot alarmsentral med personale til stades heile døgnet.

Kven kan få tilbodet?

Dei som av ulike årsaker kan ha behov for å tilkalle hjelp frå heimetenesta.

Må fylle eitt eller fleire av følgjande kriterium:

  • ha lett for å falle/har rørsleproblem
  • er særs utrygg eller sjuk av andre årsaker
  • bur åleine /har lite nettverk

Det er ei føresetnad at den som får innvilga alarm forstår bruken av denne. Alarmen skal kun nyttas i akuttsituasjonar.
Tenesta er ikkje lovpålagt. Det er utarbeida teesteerklæring for Tryggleiksalarm, der finn du meir
informasjon om tenesta.

Korleis få tilbodet.

Fyll ut skjema i lenken under.  Vi har lagt ut skjema i to versjonar, eit elektronisk  og eit i pdf. Begge skjema skal sktrivast ut og sendast til oss pr. post.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eler råd med tanke på om dette er ei teneste du kan søke på, kan du ta kontakt med heimetenesta. Tiltakskontoret som har base ved Sulatunet og Servicekontoret kan også bistå deg.

Kva kostar det?

Pris på tryggleiksalarm finn du her.

Klage

Vedtaket kan du klage på jmf. Forvaltningslova §§ 28 og 29. Klaga vil bli behandla av same organet som fatta det opphavlege vedtaket.Klagefristen er 3 veker. Tiltakskontoret eller driftseininga kan gi nødvendig råd og rettleiing.

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52
Mette Lise Midtbø
E-post
Telefon 95 71 02 53
Torunn Veddeng
Einingsleiar, heimetenesta
E-post
Telefon 95 71 02 62