For deg som er barn eller ungdom
Når ting blir vanskeleg kan det verke som om heile verda er i mot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskelege å handtere aleine. I Sula kommune er mange vaksne som arbeider med barn og ungdom som du kan ta kontakt med om noko er vanskeleg.
Kven du kan snakke med i Sula kommune?
Sjølv om den du snakkar med kanskje ikkje er den som kan hjelpe deg best, kan han/ho hjelpe deg til å kome i kontakt med rett person. Gå til den du synest er lettast å snakke med.
Kven andre du kan snakke med?
- Alarmtelefonen tlf. 116 111 Gratis nødtelefon for barn og vaksne
- Mentalhelse.no tlf. 116 123 Telefon- og netteneste for alle som treng nokon å snakke eller skrive med.
- Sidetmedord.no Døgnopen teneste
- Kors på halsen På Kors på halsen kan du prate med, eller skrive til, vaksne som er frivillege i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å sei og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Dei svarar på telefon, chat og e-post måndag til fredag mellom klokka 14:00 - 22:00.
- Politiet på telefon 112
Informasjon om ulike tema
Videoklipp