Jordmortenesta

Jordmor gir deg oppfølging etter ditt behov og vil bidra til at du får ei trygg og god oppleving av å være gravid. Begge foreldre er velkomne til å være med på konsultasjonane. 

Kva tilbyr vi?

Du bestemmer sjølv om du vil ha oppfølging av jordmor eller fastlege i svangerskapet. Jordmor ønsker å møte deg ca. frå veke 8-10 og normalt er det 8 svangerskapskontrollar + ultralyd. 

Alle gravide får tilbod om tidleg ultralyd i veke 12-13 og rutineultralyd i veke 18-19 på sjukehuset. Tilbod om NIPT test blir gitt til kvinner som er 35 år eller eldre ved termin. 

Helsestasjonen tilbyr fødsels- og foreldreførebuande kurs for alle som blir foreldre for første gang. 

Jordmor vil også følge deg opp med tidleg heimebesøk etter fødsel, innan 72 timar etter heimkomst. 

Jordmor samarbeida bredt tverrfagleg, også med fastlegane og fødeavdelinga på sjukehuset. 

Du kan når som helst ta kontakt med jordmor på helsestasjonen. 

Kven kan få tilbodet?

Alle gravide er velkomen til jordmor.

Er du i tvil?

Jordmor kan gi deg råd og veiledning.

Kontakt

Tone Margarethe Eiksund
Jordmor
E-post
Mobil 95 71 22 89
Sula helsestasjon
E-post
Telefon 70 19 91 36