Helsestasjon for flyktningar
Kva tilbyr vi?
Helseundersøkingaer frivilleg og blir utført av helsesjukepleiar. Alle barn får i tillegg tilbod om ei generell legeundersøking.
Helsepersonell har teieplikt. Det betyr at opplysningane du gir om deg sjølv, eller barna dine ikkje blir delt med andre. Dersom det er nødvendig å dele helseopplysningar, vil du bli spurt om du samtykker til dette.
Kven kan få tenesta?
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
For personar over 18 år utan lovleg opphald, gir lova berre rett på akutt helsehjelp.
Helsestasjon for flyktningar kan hjelpe deg med
- Å oppdage sjukdommar/plager/traume hos både barn og vaksne
- Foreldrerettleiing
- Å bli kjent med det norske hjelpeapparatet
- Informasjon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting
- Å handtere negativ sosial kontroll
- Rettleiing i forhold til å vekse opp med to kulturar
Publisert 10.07.2024 13.02
Sist endra 18.09.2024 09.31