Lege

Om du ønsker influensa- eller koronavaksine må du ta kontakt med kommunelegekontoret på telefon 70 19 91 60. Om du ikkje er i risikogruppe, skal du ta kontakt med apoteket for å få influensavaksine.

 

Kva tilbyr vi?

Fastlege, sjømannslege og reisevaksinering

Kven kan få tilbodet?

Alle innbyggjarane i Norge har rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin fastlege. Fastlegen har plikt til å prioritere innbyggjarane på eiga liste.

Sjømannslegen kan fylle ut  sjømannsattest. Alle som treng det kan få time til slike attestar. Legen held til ved kommunelegekontoret.

Reisevaksiner kan ein få ved å henvende seg til kommunelegekontoret.

Korleis få tilbodet?

Du kan anten ringe oss, eller du kan bestille ein eKonsultasjon, lese elektroniske brev (eBrev), legetime og fornying av respet på helsenorge.no. Der finn du også oversikt over timar du allereie har avtalt og ei oversikt over kontakt du har hatt med oss på Besøklegen tidlegare. Om du skal bruke eKonsultasjon må du logge deg på med BankId, du vil så motta ein SMS frå legen med lenke til eKonsultasjonen.

Fastlegar i Sula kommune

Totalt er det no 9 fastlegar og ein turnuslege ved kommunelegekontoret i Sula.

Sist tilsett er Camilla Natvik, ho startar i jobben i januar 2023, men du kan velje ho som fastlege allreie no, lista står førebels som «Liste uten fast lege». Fram til januar vil dei andre fastlegane og turnuslegane ved kontoret sikre at alle pasientane blir godt ivaretatt. 

Finn meir informasjon om fastlege på Helsenorge.no.

Bytte lege

På Helsenorge.no kan du sjå kven som har ledig plass og du kan velge eller bytte fastlege.

Helsenorge.no

Helsenorge.no kan du bestille legetime, eKonsultasjon og motta eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye reseptar og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret.

Du må logge inn med digital ID, til dømes BankID. Hjelp til å logge på.

Om du treng hjelp til dette kan du ringe innbyggartorget på 70 19 91 00.

Kommunlegekontoret, Helseplattformen og HelsaMi

Sulatunet, heimetenestene, bustader med heildøgns bemanning, psykisk helsevern, og helsestasjonen har kopla seg på Helseplattformen og HelsaMi. Kommunelegekontoret vil kople seg til på eit seinare tidspunkt.

Legevakt

Telefon: 116 117

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60


Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00