Kven kan få tilbodet?
Du kan søke om parkeringsløyve for forflytningshemma hvis du har:
- Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å gå, over lengre avstandar.
- Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, eller regelmessig medisinsk behandling
Korleis søke?
Fyll ut søknadsskjema.
Skjemaet skal skrivast ut, og leverast eller sendast Servicetorget på rådhuset i Sula kommune, der kan du også få hjelp til å fylle ut søknadskjemaet.
I tillegg til søknadsskjemaet skal du legge ved
Om du ikkje har passfoto, kan vi ta bilde i Servicetorget. Det kostar 200,00 kroner for 6 bilder.
Søknadsfrist
Søknadane blir behandla fortløpande.
Pris
Kortet er gratis
Kva skjer vidare?
Normal behandlingstid er inntil 2 veker, men kan vere lenger i samband med høgtider og feriar.
Klage
Du har rett til å klage om du meiner noko i vedtaket er feil. Du har ikkje rett til å klage på eit eventuell vedtak om å føre deg opp på venteliste, om vedtaket er begrunna med at det ikkje er eigna bustad tilgjengeleg.
Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Sula kommune, Postboks 280, 6039 Langevåg.
Tapt/mista kort
Om du mister kortet må du melde frå, og levere ny søknad.
Fyll ut søknadsskjema.
Lover og reglar