Tilrettelagt transport (TT-kort)

Kva tilbyr vi?

Transporttenesta skal gi funksjonshemma som er avhengig av dør-til-dør-transport, eit tilbod for at dei skal ha moglegheit til å delta i aktivitetar i nærmiljøet på lik linje med andre.

TT-kortet blir brukt som betalingsmiddel i drosje. Beløpet blir tildelt etter faste satsar, og blir vurdert opp mot ditt behov. TT-kortet skal kun brukast til lokale fritidsreiser, ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi eller andre reiser som blir dekt av folketrygda, les meir på pasientreiser.no

Transporttenesta for funksjonshemma er elektronisk. Brukarkortet er knytt opp mot ein personleg reisekonto, og for å betale ei reise nyttar ein kortet på same måte som eit bankkort.

Kven kan få tilbodet?

Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttingshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming, og som ikkje utan vesentlige vanskar kan bruke kollektive transportmidler.

Korleis få tilbodet?

Det er stopp i inntak av nye brukarar til ordninga etter 16.11.2023.  Vi vil legge ut  søknadsskjema når det blir opna for nye søknadar.

Kva kostar tilbodet?

Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024 . TT­-kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen. 

Kva skjer vidare?

Du får tilsendt eit kort i posten som kan brukast for utført transport med drosje eller spesialbil.

Beløpet på kortet vert fylt opp to gongar i året, 1.januar og 1.juli. Saldo på kortet vert nullstilt ved årsskiftet før påfyll 1.januar.

I tilfelle der ein over tid ser at brukar ikkje nyttar tilbodet om transportteneste, kan tenesta verte avslutta.

Korleis bestille tur?

Du kan bestille tur med Turbilane AS. Dei har tilhald i Langevåg og kan nåast på telefon 90 90 80 90 eller e-post: post@turbilane.no

Turbilane AS har bilar tilrettelagt for rullestol. Dei har personbil, 12-seter og 16-seter som dei brukar til transporttenesta.

Sjekke saldo på kortet

For å sjekke saldo på kortet, kan kvar brukar anten gå inn på www.rtt.no/tt og legge inn brukarnummeret sitt, sende SMS med brukarnummer til 404 66 000, eller ringe 51 90 90 01 som er bemanna heile døgnet.

Ein kan også ta direkte kontakt med Rogaland taxi som driftar ordninga for Møre og Romsdal fylkeskommune på tlf. 90 90 0751 , alle virkedagar 07.00 - 15.00.

Retningslinjer

Retningslinjer

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52
Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

Adresse

Besøksadresse
Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg
 

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.