Vil du tilby arbeidspraksis til flyktningar?

Mange flyktningar ser etter ein jobb. Dei er avhengig av arbeidsplassar som tilbyr arbeidspraksis.  Vil du/din arbeidsplass vere med å bidra til at fleire flyktningar kjem seg ut i det norske arbeidslivet?

Her kan du melde frå til oss om du har ein praksisplass

Kva er arbeidspraksis?

  • Arbeidstrening der flyktningen deltek i ordinære arbeidsoppgåver på arbeidsplassen.
  • Målet er at flyktningen skal lære norsk språk og få kunnskap om norsk arbeidsliv
  • Arbeidsplassen tilbyr verken lønn eller arbeidskontrakt i arbeidspraksisperioden
  • Arbeidstrening skal aldri dekke grunnbemanningen. Deltakaren skal alltid vere i tillegg til det vanlige personalet, og jobbe saman med ein annen person i bedrifta.
  • Arbeidstider og tidsperiode blir tilpassa etter behov
  • Arbeidsgivar vurderer kontinuerleg om det er aktuelt med ei ordinær tilsetting.

Kva for arbeidsplassar ser vi etter?

Alle typar arbeidsplassar er aktuelle, men vi har særleg stort behov for arbeidsplassar for ufaglærte tilsette.

Kvifor skal din arbeidsplass tilby praksisplass?

  • Flyktningen kan bidra med arbeidskraft
  • De kan rekruttere nye tilsette
  • Det har ein positiv effekt på arbeidsmiljøet
  • De kan vere med å bidra til eit sosialt berekraftig samfunn

Kva forpliktar arbeidsplassen seg til?

De skal

  • Inkludere flyktningen fagleg og sosialt på arbeidsplassen
  • Gi flyktningen meiningsfulle arbeidsoppgåver 
  • Motivere flyktningen til å lære om norsk arbeidsliv og snakke norsk
  • Tilby nødvendig arbeidsutstyr for flyktningen
  • Ha ein medarbeidar som hjelper flyktningen på arbeidsplassen
  • Gi flyktningen ein attest, eller referanse til hjelp ved framtidig jobbsøk

Kva tilbyr flyktningtenesta arbeidsplassen?

  • De får ein fast kontaktperson som følger opp på arbeidsplassen
  • Vi kartlegg og finn rett flyktning for arbeidsplassen
  • Vi skriv praksiskontrakt
  • Vi bidrar med en sikker økonomi for flyktningane medan dei er i praksis

Kven er flyktningane som trenger praksis?

  • Dei bur i Sula kommune
  • Dei har begynt å lære norsk på Ålesund vaksenopplæring
  • Dei aller fleste har allereie hatt fulltidsundervisning i nokre månader eller år
  • Dei har fått grunnleggande opplæring i krav og forventningar i arbeidslivet, sikkerheitskultur/HMT, og den norske arbeidslivsmodellen
  • Mange har utdanning og/eller arbeidserfaring fra heimlandet

Her kan du melde frå til oss om du har ein praksisplass

Kontakt

Anders Mørkedal Aakre
Programrådgivar for flyktningtenesta
E-post
Telefon 40 63 06 49