Pakkeforløp psykisk helse og rus

Helsedirektoratet har innført begrepet "pakkeforløp", med trinnvis innføring frå 1. januar 2019.

Pakkeforløp skal sikre samhandling mellom brukar, eventuelt pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante samarbeidspartar.

I samband med henvising til psykisk helse og rus vil henviser informere spesialisthelsetenesta om kven som er din kontaktperson i kommunen, ved behov vil du få tilbod om kommunal forløpskoordinator.

Forløpskoordinatoren vil vere ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dine pårørande. Forløpskoordinatoren kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp.

I Sula kommune er det Koordinerande eining (KE) som skal utnemne forløpskoordinator, og ha oversikt over alle som har fått tildelt forløpskoordinator.

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52