Samordning av lokale Rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak (SLT)
Målet med SLT- arbeid er at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.
SLT-samarbeidet skal ha fokus på
- Ha mest mogeleg oversikt over korleis barn og unge har det i Sula kommune
- Iverksette tiltak retta mot enkeltpersonar og/eller grupper
- Sette inn rett tiltak til rett tid
Slik er SLT – samarbeidet organisert
SLT- modellen er organisert på tre nivå. I Sula arbeidet delt slik:
Styrande nivå
Består av politiråd (ilag med Ålesund og Giske) og SLT-Styringsgruppe med leiarar frå kommunen og politiet. Dei har ansvar for mål og prioriteringar for rus og kriminalitetsførebygging.
Koordinerande nivå
Koordineringsgruppa har ansvaret for den praktiske koordineringa av rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid. Samansetninga skal spegle dei viktigaste oppgåvene for SLT – nettverket. Deltakarane er leiarar og personar frå tenester med beslutningsmyndigheit.
Utførande nivå
Alle som jobbar med det praktiske rus- og kriminalitetsførebyggande arbeidet Her finn vi funksjonar direkte i kontakt med barn og unge.
SLT – koordinator
- Koordinere det kriminalitetsførebyggande arbeidet.
- Vere bindeledd mellom styringsgruppa, koordineringsgruppa og dei som jobbar direkte med barn og unge.
- Bidra til at det blir satt felles mål, og at tiltak vert gjennomført og evaluert.
- Inspirere, motivere og vere pådrivar.
Publisert 26.11.2024 16.25
Sist endra 26.11.2024 16.26