Kva tilbyr vi?
1. Spelemiddelfond pålydande kr 2 500 000
2. Formålet med fondet er å forskotere tilskot frå dei statlege spelemidlane til idretts-, frilufts- og nærmiljøanlegg og som er opparbeidt av frivillige lag og foreiningar med registrert adresse i Sula kommune.
Dette i påvente av at desse oppnår spelemidlar til tiltaket. Forskot kan berre utbetalast så lenge det er tilgjengelege midlar i fondet.
Kven kan få forskotering?
3. Tiltak:
a. som er godkjent etter den til ein kvar tid gjeldande prioritering i handlingsprogrammet til Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet,
b. der søknad er fremma gjennom Kulturdepartementets sin søkeportal www.anleggsregisteret.no og deretter formelt godkjent av fylkeskulturavdelinga eller Kulturdepartementet,
c. som blir bygget innafor Sula kommune sine grenser
Vilkår
4. Søknad om forskotering skal sendast Sula kommune som kan utbetale inntil 85 % av godkjent søknadssum. Søknadene blir behandla administrativt.
5. Dersom det oppstår tvil om prioritering av innsendte søknader om forskot, kan saka gå til Sula idrettsråd for uttale før administrativt vedtak blir fatta. I særskilte tilfelle kan saka verte fremma for uttale i fagutvalet for kultur, før administrativ avgjersle blir fatta i tråd med pkt. 4.
6. I kvart enkelt tilfelle skal det verte inngått låneavtale mellom anleggseigar og Sula kommune.
7. Utbetalinga kan delast opp i fleire delutbetalingar basert på framdrift og dei økonomiske utlegga i prosjektet. Første utbetaling kan først skje når arbeidet er sett i gong.
8. Uavhengig av om det er gitt tilsegn om spelemidlar frå Kulturdepartementet eller ikkje, skal delrekneskap/rekneskap sendast til Sula kommune så snart dei er ferdig. Basert på omfang og framdrift av anlegget vil kommunen fastsette innleveringsfrist i kvart enkelt tilfelle
9. Anleggseigar skal føre rekneskap i tråd med dei retningsliner som er fastsett av Kulturdepartementet og nedfelt i «Føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet».
10. Anleggseigar skal sjå til at anlegget blir ferdigstilt utan ugrunna opphald. Ved utbetaling av spelemidlar skal Sula kommune trekke frå forskotert beløp før restbeløp blir overført anleggseigar.
11. For anlegg som ikkje blir ferdigstilt innen fastsett frist, kan forskoterte midlar verte krevd tilbakebetalt. I tilfelle der tilskot tilsvarande forskotert beløp ikkje blir oppnådd, er anleggseigar ansvarleg for tilbakebetaling av heile eller delar av det forskoterte beløpet.
Andre opplysningar
Vedtatt av Sula kommunestyre 19.12.2013, K-sak 099/13