D/S Thorolf

D/S Thorolf er i dag det eldste dampskip av tre i Skandinavia, og er bygd av skipsbyggaren Andreas Svoldal, Rosendal i 1910-1911. Bygginga vart fullført ved Brunholmen Mek. Verkstad i Ålesund.
Thorolf har i dag den originale steam-maskina som yter ca. 70hk, produsert av Brunholmen Mek. Verk.

 

Skipet vart tinga av tekstilfirmaet O. A. Devolds Sønner A/S i Langevåg. Bedrifta nytta skipet til å frakte seljarar, prøveartiklar, råmateriale og ferdige produkt langs kysten av Noreg. På enkelte turar hadde båten også med varer frå Conrad Langaard og Chr. Bjelland. Turane kunne gå heilt frå Lindesnes til Nordkapp.

Firmaet eigde og brukte D/S Thorolf til slutten av sekstiåra, då skipet forliste. Seinare skifta D/S Thorolf eigarar, vart reparert og gjort sjødyktig, og skipet vart m.a. brukt som fritidsbåt. Men omkring 1980 vart skipet lagt i opplag og forfalt.

I 1988 vart skipet overtatt av den nyetablerte venneforeninga D/S Thorolfs Venner. Den 21. mai same år førte venneforeininga skipet tilbake til Langevåg, og med stor entusiasme tok dei til med ei omfattande restaurering. Sommaren 1991 var D/S Thorolf igjen sjødyktig.
Maskinen, skroget og alt utstyret ombord var dei same som for 80 år sidan, berre nokre få delar var skifta ut på grunn av rote og rust.


I 1997 fekk Thorolf det ærefulle oppdraget med å frakte kongeparet  som var på reise i distriktet.  Ei veke før dette skulle skje sprakk steamkjelen og turen måtte kansellerast, til stor sorg for dei entusiastiske medlemmane. Det viste seg også at båten hadde omfattande roteskadar. Ny kjele måtte skaffast, og ei omfattande restaurering måtte til. Mellemværftet i  Kristiansund fekk oppdraget, ei restaurering som kom på ca. 5 mill. kroner.

 

Båten er no i svært bra stand, og er verna av Riksantikvaren.
Riksantikvaren og Sjøfartsdirektoratet sine krav er vanskeleg kombinere og oppfylle, og båten har i dag ikkje passasjersertifiktat.

D/S Thorolf er 58 fot lang og 14,5 fot brei. Maskineriet er ein 70HK Compound dampmaskin med oljefyrt røykrøyrskjele. Fart på ca 6,5 knop. Thorolf har kutterskrog, og er bygd av furu.

 

Prisar

I Kulturminneåret 1997 vart alle landets kommunar oppfordra til å velje sitt eige kulturminne. Avstemmingsresultatet i Sula var eintydig: 2/3 av stemmene gjekk til D/S Thorolf.
Skipet fekk også det ærefulle oppdraget å delta i Kulturminnestafetten, og D/S Thorolf gjekk etappen mellom Alnes og Herøy 30.juli.

Fylkeskulturprisen 2000 vart tildelt D/S Thorolfs Venner for deira innsats for å ta vare på det eldste dampskipet i tre i Skandinavia. I grunngjevinga er det peika på at dette er ein kulturminne av betydning, ikkje berre lokalt, men også regionalt og nasjonalt. 

I 2000 fekk venneforeininga også Sula kommune sin Kulturpris.

Her finn du D/S Thorolf

Heimehamna til D/S Thorolf er i Langevåg, ved Devoldfabrikken