Tilskot til arrangement og aktivitetar (tidl. kulturmidlane)

Lokale frivillige lag og organisasjonar kan søke midlar til lokale arrangement og tiltak retta mot barn og unge

Kva kan ein søke tilskot til?

  • Lokale arrangement og tiltak retta mot barn og unge, personar med funksjonsnedsetting, flyktningar og innvandrarar
  • Samarbeidstiltak mellom fleire lag og organisasjonar
  • Spesielle tiltak/arrangement framfor generell drift
  • Tiltak som er i samsvar med MOT sine retningsliner

Det blir ikkje tildelt midlar til:

  • Dagleg drift eller vedlikehald
  • premiering, reise og opphald på ulike arrangement .
  • dekning av underskot i etterkant av arrangement

Vilkår for å få tildelt tilskot

  • organisasjonen må aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
  • laget/organisasjonen/foreininga må ha ein aktiv profil på sula.friskus.com .

Slik søker du

Søknadsskjema

Søknadsfrist

15. august 2026

Merk! Dersom nødvendige vedlegg ikkje er sendt innan fristen, vil ikkje søknaden bli behandla.

Vedtak

Retningsliner er revidert i Formannskapet i sak FO043/26  05.05.26.

Kontakt

Bente Louise Måseidvåg
Konsulent