Tilskot til kultur og idrettsformål (fond)

Formålet med tilskotet er etablering eller rehabilitering av anlegg som fremmer kultur- og idrettslivet på Sula.  Prosjekt og tiltak innan kulturlivet (t.d. konsert, festival, jubileum) kan også søke.

Kven kan søke?

  • Lag og organisasjonar
  • Andre private aktørar

Prioritering 

Nyskapande prosjekt, eller prosjekt som set Sula på dagsorden, vil bli prioritert.

Kommersielle aktørar blir ikkje tildelt tilskot

Vilkår

  • Det er eit krav at det er levert godkjent søknad om statlege spelemidlar ved etablering eller rehabilitering av idretts- og nærmiljøanlegg. ·        Det skal leggast ved skisse for utbygginga/rehabiliteringa.
  • Planar for gjennomføring av tiltaket/prosjektet, finansierings- og kostnadsplan skal leggast ved søknaden
  • Det blir ikkje tildelt tilskot til dagleg drift eller vedlikehald.
  • Alle organisasjonar og andre aktørar som mottar tilskot på over kr 50 000, må rapportere på mottatt tilskot. Tidsfrist er 3 månader etter gjennomført prosjekt. Rapport og rekneskap m vere sendt inn for å kunne søkje seinare år.
    Tilskot til kultur- og idrettsformål - rapporteringsskjema
  • Konsekvens ved misleghald er at ein ikkje kan søke på tre år. Dersom vilkåret/behovet for å søke fell bort, skal midlane betalast tilbake. 
  • organisasjonen må aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
  • laget/organisasjonen/foreininga må ha ein aktiv og oppdatert profil på sula.friskus.com .

Slik søker du 

Skjema for tilskot til kultur- og idrettsformål

Søknadsfrist

1. mai kvart år

Merk! Dersom nødvendige vedlegg ikkje er sendt innan fristen, vil ikkje søknaden bli behandla.

Vedtak

Vedtak i Fagutvalet for kultur og folkehelse, sak-013/22, 9. mars 2022.

Kontakt

Bente Louise Måseidvåg
Konsulent
E-post
Mobil 95 71 02 44