Om ordninga
Tilskotet skal gå til nødvendig vedlikehald og til permanente innreiingar som bidrar til aktivitet (t.d. scenerigg, lydanlegg).
Det vert ikkje ytt tilskot til ordinær drift (lån/avdrag, husleige, reinhald, vaktmeisterteneste, etc.)
Tilskotet skal gå til bygg som er ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Vedtekter for bygget/organisasjonen skal følgje søknaden.
Søknaden skal innehalde informasjon om byggeår, disponibelt areal, samt aktivitetar som føregår i bygget, tal på brukarar, alderssamansetning og gi eit anslag på kor mykje bygget er i bruk.
Søknaden skal innehalde opplysningar om totalkostnad på vedlikehald/innreiing. Søkjar skal også legge fram oversikt over finansiering og dugnadsinnsats for å kunne fullføre prosjektet.
Melding om ferdigstilling skal rapporterast til kulturkontoret, innan 15. september påfølgjande år.
Vilkår
- organisasjonen må aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga må ha ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Slik søker du
Søknadsskjema
Søknadsfrist
15. september kvart år.
Politiske edtak
Vedtatt av Kultur-, nærings- og miljøutvalet, sak-015/12 19.april 2012