Donken fritidsklubb

Kva tilbyr vi?

Fritidsklubb med kiosk, film, musikk og ulike aktivitetar frå september til mai. Ope i haust- og vinterferie. 

Måndag

  • 15:00 - 18:00 JuniorDonken for 7. klassingar. Sosialt og ulike aktivitetar. 
  • 18:00 - 21:00 Ungdomsklubb.  Sosialt, ulike aktvitetar og diverse kurs.

Onsdag

  • 14:30 - 21:00 Ungdomsklubb 13 - 18 år. Lekser, felles middag (gratis) og ulike aktivitetar.

Fritidsklubben driv kafè på UKM og LAN-party, og arrangerer rusfritt julebord for medlemmane.
Klubben og utekontakten samarbeidar årleg om alternativ feiring av 16. mai. 
Av og til drar vi i større eller mindre grupper på t.d. bowling, kino, teater og sommartur. 

Korleis få tilbodet?

Du kan møte opp på klubben, eller ta kontakt med Tone eller Camilla, som du finn i kontaktfeltet under.

Kva kostar det?

Det er gratis inngang på Donken.
Open kiosk med salg.

Adresse

Besøksadresse:

Gøtå 15
6036 Mauseidvåg
 

Donken held til i kjellaren på Bilhuset Sunde

Opningstider

Fritidsklubben er open to ettermiddagar/kveldar i veka i tida frå 16. august til 1. mai:

  • Måndag  15:00-18:00 berre for 7. klassingar
  • Måndag 18:00-21: 00 for ungdom 13-18 år
  • Onsdag 14:30-21:00  for ungdom 13-18 år