Utekontakten

Utekontakten er ein ansvarleg vaksenperson som du kan snakke med.

Kva tilbyr vi?


Vi driv oppsøkande teneste med hovudvekt på førebyggande ungdomsarbeid.
Tenesta samarbeidar med dei øvrige kommunale tenestene for unge.

Her treff du utekontakten

  • Måndag: oppsøkande arbeid, etter skuletid på Donken fritidsklubb.
  • Tysdag: kontor/trefftid på Sula ungdomsskule. Leksegruppe etter skuletid
  • Torsdag: oppsøkande arbeid /trefftid/ute/Moa
  • Onsdag: ettermiddag/kveld på Donken fritidsklubb
  • Fredag: kontor/trefftid Sula ungdomskule

Vi arbeider med ungdom i gruppe og individuelt. Vi gir praktisk hjelp og støtte, og vidareformidling til andre hjelpetiltak. Utekontakten samarbeider med ungdomsrådet om ulike rusfrie ungdomsarrangement. 

Kven kan få tilbodet?

Utekontakten er et frivillig tilbod og du bestemmer sjølv om du vil ha kontakt med oss.
Tilbodet er til ungdom opp til 23 år. 

Korleis få tilbodet?

Ring, send SMS eller e-post, eller kom innom der Tone og Camilla er. 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis

Kva skjer vidare?

I samarbeid med ungdomen kan utekontakten vidareformidle til andre hjelpetiltak i kommunen. 

Utekontakten har teieplikt. Det betyr at du kan snakke med utekontakten utan at det blir fortalt vidare til nokon.
Men, det kan hende at det du fortel er så alvorleg at vi må fortelle det vidare til andre som kan hjelpe. Du vil først få beskjed. 

Nyttige lenker

Kontakt

Tone Fiskerstrand
Miljøterapeut
E-post
Mobil 95 91 20 35
Camilla Vatne
Miljøterap ped lærarutd
E-post
Mobil 70 19 95 98

Adresse

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Besøksadresse:
Skulevegen 16 
6030 Langevåg