Sula kommune

Hjelp til etablering og utvikling av bedrift

Sula kommune ønsker å legge til rette for at nye bedrifter skal få etablere seg i kommunen, samt at eksisterande bedrifter skal få utvikle seg. 

Sula kommune har engasjert Ålesund Kunnskapspark AS (ÅKP) til å administrere desse tenestene.

Hoppid

Hoppid er ei ordning der Møre og Romsdal Fylkeskommune, gjennom kommunane, bidrar med midlar til kurs og tilskot til nyetablerarar.

Gjennom ordninga får både nyetablerarar og eksisterande virksomheiter tilgang til nettverk, tilskotssordningar, investormiljø og kompetanse. 

Meir informasjon om Hoppid.

Kommunalt næringsfond (KNF)

Kommunalt næringsfond er ei tilskotsordning som gir kommunar og regionråd midlar til lokale næringsutviklingstiltak. Målet er at midla skal gjere kommunane i betre stand til å legge til rette for auka vekst, verdiskaping og sysselsetting, bygd på lokale fortrinn og potensial.

Du kan søke om inntil 150 000 kroner frå fondet. Tilskotet kan ikkje utgjer meir enn 50 % av den totale finansieringa.

Kven blir prioritert?

Industri- og produksjonsbedrifter er prioritert, vidare tenesteytande virksomheiter og deretter andre virksomheiter. Ved tildeling av næringsfond blir mellom anna styrking av bedrifta si konkurransekraft, veksttiltak og nye arbeidsplassar vektlagt.

Korleis søke?

Ta kontakt med Ålesund Kunnskapspark AS (ÅKP)

Planar

 

Nyttige lenker

Hoppid.no
Ålesund Kunnskapspark AS (ÅKP)
 

 

Kontakt

Arne Mehl
Seniorrådgjevar
E-post
Telefon 95 25 01 20
Mobil 95 25 01 20